Krossfest, krossfest

Kommentar av Jon Hustad, Klassekampen 22. januar 2007

På vegner av vanvittig mange, det er alarm. Kjell Bjørndalen har noko imot Gerd-Liv Valla.

Det er ikkje bra dette med Gerd-Liv Valla, det er ikkje det. Men eitt er Valla, noko anna er vi i media. På fredag kom vel lågpunktet til no, og då snakkar eg ikkje om pressekonferansen, men om «Først og sist» og Fredrik Skavlan. Fyrst kom Berit Reiss-Andersen, ho var der visst av di ho var forsvararen til ein av dei tiltalte i Nokas-saka, men det tok ikkje mange minutta før ho på ny både var vitne, aktor og dommar i saka mot Valla.

Reiss-Andersen har vene, ærleg auge, eit vakkert riksmål med Frogner-aksent og ikkje ei setning har dårleg syntaks. Roleg, utan å få eitt kritisk spørsmål, sat ho der og karakterdrap Valla. Ho var sjølve ikjøtinga av truverd.

Kven var det elles som snakka sant om kva Statsministerens kontor visste eller ikkje visste? Sjå, det trong ikkje Reiss-Andersen seie så mykje om, for svaret hadde Skavlan.

«Vi snakket med Torbjørn Jagland før sending. Han bekreftet at din versjon er rett.» Kva versjon? Faksen, telefonen, samtalen, snøen som datt i 1997?

Så kom doktorranden og professoren. Det er truverdige personar, må vite. Nei, Valla hadde ikkje bede om orsaking, Valla sleit no, Valla var ikkje truverdig. Visste ein ikkje betre, skulle ein tru ho omtrent var like truverdig som Anne Holt, bestevenninna til Reiss-Andersen, som utnemnde Reiss-Andersen til statssekretær og som no, ti år etter, utan ein einaste gong å ha møtt Valla, i veka som gjekk stadfesta kvart eit ord frå Reiss-Andersens munn.

Men så er det berre det med konteksten, som det heiter på fint. For det Ingunn Yssen og Reiss-Andersen har fortalt oss, er det ingenting uvanleg ved, det er berre den eine sida av historia, ei historie som det vel er få om nokon som ikkje kjenner seg att i. «Vanligere enn kneip,» som Svein Egil Omdahl i Stavanger Aftenblad har skrive om saka. Men det ville ikkje Skavlan snakke om.

Då Valla tok over i Justisdepartement, var det kaos. Jagland hadde utnemnt ein person heilt utan politisk erfaring, Anne Holt, som hadde utnemnd Reiss-Andersen, ein anna person utan politisk erfaring. Få, om nokon, vil hevde dei gjorde ein god jobb. Få, om nokon, vil hevde at Jagland gjorde rett i leggje det norske retts- og politivesen i hendene på desse to. Valla tok ansvaret. Då ho var ferdig, var departementet i mykje betre stand enn då ho kom.

Yssen, som Valla sjølv var den som tilsette, fungerte ikkje som leiar for LOs internasjonale avdeling. Valla innsåg det, Yssen innsåg det. No er ikkje Yssen lenger leiar for LOs internasjonale avdeling. Og Valla har av to LO-kongressar samrøystes vore valt til leiar for LO, den same Valla som skal ha hovudæra for at vi i dag har ei fleirtalsregjering.

Kven der det så som ikkje er nøgd med det? Det er mange, det er til dømes Kjell Bjørndalen, han som ville ha det vervet som Valla har og som har vore ein sterk motstandar av eit samarbeid mellom Ap og SV. Over heile framsida til Aftenposten fekk han i går seie at han har bede Valla trekkje seg. Ikkje eit ord skreiv Aftenposten om Bjørndalens vedvarande nag til Valla. Nei, no var det ein sensasjon at ein forbundsleiar gjekk ut mot Valla: Dette «viser hvor dramatisk situasjonen er på Youngstorget», skriv avisa.

Valla slit med å kunne oppføre seg. Det gjeld andre og, til dømes riksavisene, til stor glede for norsk høgreside, Kjell Bjørndalen og venekrinsen til Jens Stoltenberg.

Kva skal Martin Kolberg seie neste gong? «Christiania Forum, Christiania Forum, Christiania Forum.»

Det er vel ikkje utenkjeleg at Stoltenberg er i ferd med å skifte ut venekrinsen sin.


Gaustadklubben treffes slik:
Postadresse: Gaustadklubben, Sognsvannsveien 21, 0320 Oslo
Besøksadresse: Gaustad sykehus, Tårnbygget (i undergangen)
Telefon: 22 92 37 98  Faks: 22 92 37 99
E-post: gaus@online.no
Kontonummer: 9001.06.54296

Topp     Hjem


Ansvarlig redaktør: Are Saastad
Gaustadklubben